top of page

Beitedyr på utmarksbeite

Stord fjellsameige sine medlem nyttar kvart år utmarksbeite på fjellet, der om lag 2.400 sau vert sleppte kvart år. Utmarksbeite i fjellsameiget vert organisert av Stord sau og geit/beitelaget.

​

dsff.jpg

Bandtvang

Det er ordinær bandtvang for hundar i perioden 01.04-20.08. Stord kommune har vedteke ei lokal forskrift som forlengar bandtvangs-perioden i frå 21.08 til 01.10 grunna beitande dyr. På Stord fjellsameige sin eigedom skal hundar haldast i band i tida 01.04-01.10. Langline er ikkje rekna som "band". Vi ber besøkjande vera særskild oppmerksame når dei tek hund inn- og ut av bilen, då det beitar dyr ved parkeringsplassen på Heio.

 

Vi ber alle melde frå om hund som spring etter beitedyr. Dyra spring vekk i frå fare, og kan hamne i elv/myrhol/steinur og liknande utan høve til å komme seg lause sjølve. Dyret kan sjå uskadd ut, men vil ofte døy etter kort tid då dei vert "sprengde" av flukta. 

Skadde beitedyr

Saugeeigarar set stor pris på beskjed om skadde dyr, uansett kva årsaka er. Det viktigaste er at dyret får hjelp så raskt som mogeleg.

De kan kontakte politi eller saugeeigar, fjellsameiget eller Stord sau og geit (saugalaget), eller ved å leggja ut bilete med beskjed om kvar dyret er å finne på facebooksida til Stord sau og geit. Denne sida vert nytta aktivt at saugeeigarane og er ein effektiv måte å varsle om skadde dyr.

​

Dyra har ulike fargar og typar øyreklyper, halsband og bjeller. Det er fint om de legg merke til dette, slik at det vert enklare å finne rett eigar. Innne i dei fleste øyremerka finn de òg telefonnummer til eigar. 

​

​

Beitebruk i fjellet

Stord fjellsameige sine medlem har kvart år utmarksbeite på fjellet, der om lag 2.400 dyr vert sleppte. Dette er ein lang kultur-tradisjon. Utmarksbeite er ein viktig del av fôrgrunnlaget i norsk jordbruk. I følgje NIBIO vert det hausta verdiar for om lag 1 milliard kroner kvar sommar. Beite i utmark er arealkrevjande og er den største arealbrukande næringa i landet. I alt 35 % av landarealet blir bruka av organiserte beitelag, der utmarksbeitet på Stord vert organisert av Stord sau og geit/Stord beitelag.  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sau og lam på utmarkbeite i Stord kommune. Kjelde: NIBIO 
 
Beiteressursen i utmark har fått ny aktualitet etter som mange har vorte uroa for matsituasjonen i verda. «Å stimulere til auka bruk av utmarksressursane er eitt av måla i jordbrukspolitikken (Proposisjon til Stortinget, LMD 2018-2019)». Du kan lese meir om utmarksbeite på NIBIO sin nettstad.

 

Norsk sau og geit har samla informasjon om beite- og bruksrettslege forhold på sin nettstad; https://www.nsg.no/beitebruk/beiterett/

​

Her presenterer NSG kortfatta informasjon og viser til kvar ein enkelt kan skaffe til veie fleire opplysningar. Bakgrunnen for prosjektet har vore at kryssande interesser i utmarka stadig fører til fleire konfliktar. Dette kan vera basert på at ein ikkje veit om kvarandre eller ikkje har kjennskap til eigne eller andre sine rettar, ettersom utmarksbruk er regulert av eit omfattande lov- og regelverk.  

bottom of page