top of page

Friluftsliv/turisme

Mellom Bergen og Stavanger finn du øya Stord som er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke. Stord ligg i naturskjønne omgjevnader, noko som gir ein unik nærleik til sjø, fjell, skog, kulturliv, uteliv og idrettsliv. På Stord er det mange flotte vandre- og sykkelturar som passar både born og vaksne.  

dsfd.jpg

Turforslag

Det er mange flotte turmogelegheiter i sameiget, der du kan velge ulik vanskelegheits-grad og grad av tilrettelegging. På Stord-Fitjar Turlag sine nettsider finn du turforslag gradert etter vanskelegheitsgrad, tidsbruk og lengde. 

Telting 

Det er mange fantastiske teltplassar i sameiget. Telting er ein del av allemannsretten, og i utmark kan du telte minst 150 meter frå næraste hytte, og telte inntil 2 døgn på samme stad (lenger dersom du er på høgfjellet eller langt fra bebyggelse).

Når du nyt naturen på telttur, hugs å:

  • rydde på teltplassen og ta med deg boss 

  • ikkje forstyrre dyre- og fugleliv, særleg i yngle- og hekketida

  • ikkje forstyrre husdyr på beite. Lukk grinder etter deg

  • vera forsiktig med eld og slokke bålet helt før du forlet det

  • ikke lage varige spor i vegetasjonen eller terrenget

Hytter

Det er fleire hytter i sameiget, som både er i privat eige og i organisasjonar og lag si eige. Nokre av desse kan leigast, og du kan finne dei her;

 - DNT (hytte under oppføring på Stovegolvet)

 - Stord JFF

Geologisk historie

Kattnakken har ei særs spanande og spektakulær geologisk historie. For nærare 500 million år sidan var fjellet ein del av eit vulkansk øybuesystem som låg i havet mellom urtidskontinenta Laurentia (dagens Grønland) og Baltica (dagens Skandinavia). Her var det tilstandar som ein ser i dagens Japan, med aktiv vulkanisme og jordskjelv med tilhøyrande prosessar. Kattnakken sine bergartar består av ulike typar lavastrømmar og askeavsetningar frå den tida vulkanane var aktive. Då kontinenta Laurentia og Baltica kolliderte for ca. 400 million år sidan blei øybuekomplekset som Kattnakken var ein del av skjøve inn over Baltica (og helt lokalt, inn over Stovegolvet under Kattnakken), og snudd opp ned. Unbder kollisjonen blei det danna ein enorm fjellkjede, på høyge med dagens Himalaya, men denne finnes ikkje lenger idag. 

 

På grunn av dei unike geologiske forholda på Kattnakken har Universitetet i Bergen feltkurs for sine førsteårsstudentar på bacheloprogrammet i geovitenskap kvar vår. Under koronapandemien var det ikke mogeleg å reise på feltkurs, og filmen over blei laga. Siste halvpart av filmen er om Kattnakken, medan første halvdel geologien på Tysnesøy, Reksteren, Ulven og mot Bergen. Det fine er at alt heng saman i ei unik og spektakulær geologisk historie om korleis Vestlandet blei til.

bottom of page