top of page

Jakt og fiske

Pølsegrilling ved Stemmetjørna.jpg

Fiske

Det er ca. 20 vatn i fjellsameiget, og utallige mindre tjødnar. Det er fisk i nesten alle vatn (med unntak av: Martetjødna, Kudals vatna og Vatna i Litle Tjødnadalen). Dei mest kjente fiskevatna er: Tysevatnet, Vaulane, Hovtrongsvatnet, Ravatnet, Budalsvatnet, Sørlivatnet, Kongsskogsvatnet og Stemmetjørna. 

​

Det er omtrent same resultat i alle vatna; det er mykje små aure 100-250 g, men det hender ein får ein og anna større - opp mot 500 g. Størst sjanse for å fange storfisken finn ein i dei mindre tjødnane som ligg spreidt over heile fjellsameiget. Det blir fiska flotte fisk over kiloet kvart einaste år. 

​

Best fangstmåte er spinner (panther martin) eller makk og dupp. Flogefiske er perfekt i dei mange små tjødnane og bekkane med mellomstore kulpar. Oter og garn fungerer også utmerka om ein har tilgong på båt. 

​

NB! Nedslagsfeltet kring Tysevatnet, Vaulane og Ravatnet blir brukt som drikkevatn i Stord kommune. 

​

Det er ikkje sal av fiskekort i Stord fjellsameige, så hos oss kan alle fiske gratis.

Skitt fiske! 

IMG_1191.HEIC

Jakt

Den jakta som har vert i fjellsameiget i mange år er småviltjakt etter hare, orre og rype. Dei siste åra har mengda småvilt gått betrakteleg tilbake, og hjortejakt er blitt den dominerande jaktforma i fjellet. 

​

I dag blir det felt mellom 10-15 hjort i fjellsameiget kvar haust. Det er ikkje meir en 10-15 år sidan det ikkje fantes hjort i fjellsameiget, og det verkar som hjorten trives godt i fjellet; ein finn den over alt, ofte heilt nede i skogkantane lågast i sameiget, men òg beitande på fjellgras og urter på toppane 750 m.o.h. 

​

Oppe på fjellet har ein ein unik mulighet til å bruke kikkert for å finne hjorten på store avstandar og så snike seg inn på hjorten. Ein kan sitja på post ved ein av dei mange trekkrutene og vente, eller gå på snikjakt med eller utan hund.

​

Det har vore småviltjakt i fjellsameiget i lang tid, og det finnes statistikk tilbake til 70-talet. Den viser fangstar på 150-200 harar og 100-150 orrhanar på ein haust. Dessverre har det minka kraftig på mengda småvilt i fjellet dei siste åra, og fjellsameiget har freda orrhanen. 

Småviltjakt - Jaktkort

Jaktkorta vert i år elektroniske. Send mail til stordfjellsameige@gmail.com med kopi av betalt jegeravgift. Alternativ sms til 980 85 633. 
Jaktkort betales med Vipps til Stord Fjellsameige #626478 med 200kr. 

Hjortejakt - Løyver

Hjorteløyver vert annonsert i lokalavisa (Bladet Sunnhord-land) kvar sumar. Dei som ønskjer løyve melder seg på og deltek i trekking som vert avhalde i starten av august. Jakttida er i frå 1. september - 23. desember. 

bottom of page