top of page

Stord fjellsameige

Stord fjellsameige vart organisert som tingrettsleg sameige i 2008, og har i dag om lag 190 sameigarar. Stord fjellsameige har som sitt føremål å samla sameigarane til utnytting av sameiget som næring med følgande prioritering; beite, jakt, fiske, turisme og andre tiltak i fjellsameiget.

​

Sjå vedtektene i sin heilskap her

​

Sameiget består av eigedom gbnr. 69/2, som er 30.790.198,9 m2 stor.

I følgje Stord bygdebok har Stordafjellet vore nytta til beite så lenge det har vore bønder på Stord, og har alle dagar hatt mykje å seie for jordbruket på Stord. Fjellbeitet vart tidlegare nytta mykje betre enn det ein no gjer, og betydde meir for gardsdrifta før enn no. Beitet var reinare for brake og andre vekster. Ein hadde tidlegare både sauer og kyr på beite i fjellet.

 

For å få plan i beitinga og sauesankinga fastsette heradsstyret kor tidleg om våren ein hadde lov å sleppa sauene til fjells, og kva tid dei skulle heim att. Så snart beitet i fjellet vart grønt, vart sauene jaga til fjells. Ein hadde til merke at når snøfonnene i Fossabrekko var borte om våren kunne ein sleppa smalen til fjells. For å hindre at nokon sleppte dauene til fjells for tidleg, fastsette storskiftet at ingen hadde lov å nytta fjellbeitet før 15. mai. For Nordbygdo var samledagen 29. september (mikkels-messe), og for Sørbygda laurdagen føre dette. Nordbygdarane samla og skilde sauene på Eskelansstølen og sørbygdarane på Stuagjerdet. Kvar gardsbruk hadde kvart sitt krøtermerke, og det var såleis enkelt å skilje sauene i frå kvarandre i sanke-gardane. Sankedagane var mest som marknadsdagar, med mange folk, sal av varer og sauer.  

 

Før, som no, hadde kvar sin saueflokk sin eigen gong i fjellet – eit avgrensa område dei heldt seg som sommaren. Flokkane held seg stort sett for seg sjølve utan å blande seg med kvar andre.   

DSCF9542.jpg
April snø 2.jpg

Styret

Ole Reinert Eskeland, styreleiar 
Joar Kannelønning, styremedlem 
Berit Haga Vikanes, styremedlem 

Sigrun Økland, styremedlem

Knut Vikane, styremedlem 

 

 

 

Vararepresentantar til styret: 

Torunn Eikeland
Jens Litlabø

​

Meir informasjon om ansvarsfordeling og tillitsverv finn du her.

Klima og dyreliv

Som regel kjem snøen i november-desember og då kan det ligge snø i høgda heolt fram til april. Sjølv om Stord-fjellet er eit lite fjell samanligna med t.d. Hardangervidda kan det vera særs værhardt med mykje nedbør og vind oppe på toppane. Sørg for å ha gode kler i sekken.  

​

Det meste av fjellsameiget ligg fra 350 m.o.h til toppane på 700-750 m.o.h. Tregrensa går på ca. 400 m.o.h no, men tregrensa kryp stadig høgare opp. Ved tregrensa er det stort sett bjørke-skog med innslag av furu og raun. Skogbotnen er stort sett dekka av brake (einer). Det meste av fjellet er dekka med gras og lyng, men ein finn område der det berre er berg og stein òg.  Desse områda er stort sett heilt på toppane. Stovegolvet og Børtveits kalderassen-Mehammersåta og deler av midtfjellet har større parti utan vegetasjon.  

​

Når en er på tur i fjellsameiget kan ein møte mange forskjellige dyr og fuglar; alle typar trast og meiser, ravn, kongeørn, hønse-hauk, kråke, orre, rype, hubro, kattugle, falker, heilo, rugde, enkelbekkasin, ender og av og til tiur.  Andre dyr en kan møte: Hare, Hjort, Frosk, Padde, Huggorm, Mus, Røyskatt, Mår, Mink og av og til  Elg (sjelden).  

dsff.jpg

For sameigarar

Sameigarar kan logge seg inn og finne styrereferat og andre dokument, skjema m.v.

​

Innlogging for deg som er sameigar i fjellsameiget 

bottom of page